Bowlingserien

I Førde Bowlinghall har vi eigen bowlingserie der forskjellige lag møtast fleire gonger gjennom året for å spele om poeng. På slutten av sesongen kårar vi ein vinnar av serien. Laga består av ein del bedriftslag, men vi har også nokre lag som består av privatpersonar og studentar.

Påmeldingsfrist:    Måndag 26. September
Seriestart:                Tysdag 11. Oktober
Speledagar:             Annankvar Tysdag

Laga:
Kvart lag må stille med 3 personar. Kvar kamp har to teljande seriar.

Premiering:
Premie til dei tre beste laga i kvar divisjon

Påmelding/Innbetaling:
Deltakaravgift er 3800,- per lag.

Høyres dette interessant ut å vere med på? Send oss gjerne ein mail om du er interessert eller har spørsmål. Vi sender deg då eit påmeldingsskjema og regelverk for bowlingserien.

Vinnar av bowlingserien 2015/2016, 1 divisjon: Sunnfjord Energi 1
Vinnar av bowlingserien 2015/2016, 2 divisjon: HiB Subsea