Bursdagsbowling

Bursdagsfeiring i bowlinghallen er eit sikkert val som alle likar. Spesielt populært er dette blant barn, men det er heller inga hindring for vaksne å samle familie eller vener for bursdagsfeiring i bowlinghallen.

Det er alltid topp stemning og full fart når vi arrangerer bursdagsselskap for barn. Vi slår på blacklights, diskolys og musikk og lagar høg partyfaktor. Vi har gjerder på alle våre baner slik at kulene aldri vil gå i renna. Då vil barna alltid få ned kjegler og dei får stor glede av bowlinga.

Til våre bowlingpakkar får ein nytte vårt lokale i 2. etg til pizza, brus og evt kaker. Då har ein lokalet for seg sjølve under feiringa og kan sitje samla når ein et. Vi dekkjer på bord til de kjem, og tek oss av oppryddinga når de er reist. Enklare blir det vel ikkje.
Dersom ein ynskjer å pynte lokalet med ballongar etc. i forkant går det heilt fint.

Vi spanderer kaffi og te på dei vaksne ved bursdagsfeiring.